Det er tilsett rektorar ved Lidar og Rogne skule

Anita Aleksandersen (40) og Are Alund (36) er tilsett i dei to ledige rektorstillingane i kommunen.

Aleksandersen blir rektor ved Lidar skule. Ho kjem frå stilling som dagleg leiar ved Kongsberg International Preschool FUS AS, og har styrarerfaring frå fleire barnehagar i Oslo-området. Aleksandersen er utdanna barnevernpedagog og godkjent førskulelærar. Ho har vidareutdanningar innanfor pedagogikk og pedagogisk rettleiing. 

Alund blir rektor ved Rogne skule. Han kjem frå stilling som lektor ved Øystre Slidre ungdomsskule. Alund er også dirigent for Øystre Slidre sanglag, og har jobba som organist i Vestre Slidre i mange år.
Han er utdanna kantor frå Norges musikkhøgskule, og har mastergrad i kristendomskunnskap, i tillegg til praktisk-pedagogisk utdanning og ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur. Alund har vidareutdanning i pedagogisk bruk av IKT.