Diplom for å leggje til rette - send inn ditt forslag

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Øystre Slidre ønskjer å rette fokus mot og stimulere bedrifter og miljø i kommuna vår som set fokus på menneske sine moglegheiter.

Det å gi alle moglegheita til å bidra i t.d. arbeidslivet, vil kunne vere ein vinn-vinn-situasjon for verksemda og den det gjeld.

 

Rådet har eit ønskje om å dele ut eit diplom til nokon som har utmeka seg særskild når det gjeld å leggje til rette for menneske med nedsett funksjonsevne gjennom universiell utforming eller ved å leggje til rette det fysiske, psykososiale eller digitale milljøet. Dette viser haldning og atferd gjer at alle kan oppleve seg fullt integrert og respektert.

Diplomet vil bli delt ut årleg frå og med 2022.

Kandidatar

For å kunne dele ut diplom treng vi hjelp. Hjelp til å finne gode kandidatar.

Om du kjenner til ei verksemd, miljø eller nokon du meiner gjer seg forgjent til ei slik utmerking, er det flott om du sender inn eit kortfatta forslag til leiar av rådet.

Kontaktinformasjon

Send inn ditt forslag til Anne Bråthen på e-post: anne.brathen@oystre-slidre.kommune.no

Forslag må sendast inn innan 6.september.

 

Kontaktinfo

Anne Bråthen
Leiar rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
E-post