Eit meir demensvennleg samfunn

Øystre Slidre kommune har inngått ei avtale med Nasjonalforeininga for folkehelsa om eit langsiktig og forpliktande samarbeid for å skape eit meir demensvennleg samfunn.

Ordførar Odd Erik Holden og Elisabeth Skarderud frå Nasjonalforeininga for folkehelsa - Klikk for stort bileteOrdførar Odd Erik Holden og Elisabeth Skarderud frå Nasjonalforeininga for folkehelsa signerer avtalen.

Avtalen skal leggje til rette for at Øystre Slidre kommune skal arbeide for å bli meir demensvennleg, slik at personar med demens kan bli møtte med forståing, respekt og støtte. Dei skal få høve til å  bli inkluderte og delta i kvardagsaktivitetar som til dømes å handle, bruke offentleg transport og vere med på kulturarrangement. 

Ved å inngå avtalen uttrykkjer kommunen eit ønske om å legge til rette for at personar med demens opplever meistring og inkludering. Arbeidet for eit meir demensvennleg samfunn handlar også om korleis fysiske og sosiale omgivnadar er forma ut og om kommunale tenestar. 

Gjennom samarbeidet skal Nasjonalforeininga for folkehelsa m.a. sørgje for at det blir produsert relevant undervisningsmateriell og bidra med kunnskap og informasjon om demens. Kommunen forpliktar seg til m.a. å halde kurs om demensvennleg samfunn og etablere ei arbeidsgruppe som skal ha ansvaret for å utarbeide lokale planar for opplæring.