Eit variert klubbtilbod i Gapahuken

Av omsyn til covid-19-pandemien må me endre litt på måten me gjennomfører aktiviteten vår på ungdomsklubben. Men etter å ha vore stengt sidan 12.mars er me no klare og glade over å kunne opne att.

Klikk for stort bileteUngdomen er tydeleg på at dei saknar sosiale møteplassar og at det er lite å ta seg til på fritida. Leiinga i Gapahuken har brukt mykje tid på å legge ein plan for ein sikker og forutsigbar driftsmodell, med mål om å nytte resursar for å skape mest mogleg aktivitet for flest mogleg ungdomar. Med det nye musikkhuset og i sambarbeid med foreininga Lydkåken Rockeverkstad, kan me no tilby bandrom og studiorom i klubbtida. Me har og fått midlar og eit lokale for etablering av mekkeklubb for dei med interesse for alt som durar. Me har tilsette med kompetanse innan desse fagområda, og vil nytte denne til å drive god opplæring, som på sikt vil generere meir og variert eingenorganisert aktivitet kring Gapahuken.

Me har litt tynnare bemanning enn i fjor, og med begrensningar på kor mange ungdommar me kan ta inn om gongen, vel me denne hausten å satse på å få i gang dei ulike tilboda det no er lagt til rette for. Det vil føre til færre ordinære klubbkveldar, men større variasjon og fleir tilrettelagte tilbod og kurs. Målet er at fleir skal få glede av det totale tilbodet kring Gapahuken og at fleir ungdommar får eit tilbod tilpassa deira interesser. På sikt håpar me å kunne nærme oss meir ordinære opningstider for ei større målgruppe, og at me då vil ha med oss dei nye aktivitetane inn i vidare drift.

Av omsyn til smittevern, er det publikumsbegrensning på dei ulike aktivitetane våre. For at alle skal få lik informasjon om tilbodet og ha lik sjanse til å melde seg på, vil me i større grad enn tidlegare informere ute på skulane. Denne hausten er elevane på ØSUS prioritert målgruppe for våre aktivitetar. 

Meir info om ulike arrangement og påmelding til desse kjem på facebook og på ØSUS.

Tilbod denne hausten

Gapahuken

Onsdagar frå 14.45 - 18.00 (maks 25 deltakarar)
Ungdomsklubb med videokurs, studiokurs, musikkøving og ulik sosial aktivitet. 
Ein må melde seg på dei ulike aktivitetane på førehand.

Fredagar frå 18.30 - 22.00 (maks 25 deltakarar)
Ungdomsklubb med ulik aktivitet, musikk-/studiotilbud.
Ein fredag i månaden er det LAN (15 deltakarar).

Mekkeklubb på Helsetunet
Onsdagar kl.18 - 20 (maks fem deltakarar om gongen).

Ope for publikum
Me ynskjer å melde om at Gapahuken er tilgjengeleg for lag- og organisasjonar, samt andre frivillige som ynskjer å nytte lokalet og fasilitetane våre til å skape aktivitet for seg sjølv, eller helst for ungdom, utover våre faste opningstider. Gapahuken har utstyr av god kvalitet, som fortener å bli brukt. Me bistår gjerne om nokon vil starte ein lokal biljardklubb, spele bordtennis, sjå film eller anna, med utgangspunkt i Gapahuken. Ta kontakt med Øystein Skattebu for info eller synfaring.

Klikk for stort bilete 

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Ungdomskonsulent
E-post
Mobil 412 22 840