Enklare digital kvardag for ukrainske flyktningar i Noreg

Øystre Slidre kommune har teke i mot mange ukrainske flyktingar. Ein viktig del av arbeidet med integrering er å ta i bruk digitale tenester.

Kommunen legg stor vekt på rask integrering, ei av oppgåvene er å skaffe norsk elektronisk ID.

Digitaliseringsdirektoratet har fått i oppdrag frå regjeringa å tilbud elektronisk ID (eID) til ukraniske flyktningar i Noreg, slik at dei kan ta i bruk alle digitale tenester frå det offentlege. Løysinga kom på plass i fjor, så langt har meir enn 6000 flyktningar bestilt slik eID.

Digdir besøkte Øystre Slidre i januar, der dei intervjua integreringskonsulent Tina Rosèn og eit par ukrainarar for å lage informasjonsmateriell retta mot kommunar, mottak og ukrainarar med det mål å få ut informasjon om eID-tilbodet.

Informasjonsmateriellet er pulisert via kanalar frå Digdir, UDI og IMDI. 

Informasjonsmateriellet om eID

Informasjonsmateriellet om eID er pulisert på digdir si nettside