Fare for busstreik som vil ramme skuletransport

Innlandstrafikk informerer om at det kan bli busstreik frå søndag 11.april dersom lønnsoppgjeret ikkje kjem i hamn. Ein eventuell busstreik vil ramme skuletransport Øystre slidre.

Meklinga har frist natt til søndag, så det vil bli ei avklaring på om det vil bli streik eller ikkje, i løpet av søndag.

Trønderbilane vil i tilfelle bli tatt ut i streik, og får derfor ikkje tilbudd skuleskyss i Øystre Slidre.

Skulene vil halde fram med vanleg drift for dei elevane som får kome seg til skulen. For dei elevane som ikkje kjem seg til skulen, vil det bli ført gyldig fråver. 

Fint om de fylgjer med på nyheitene i forhold til om det blir streik eller ikkje. Dersom det blir streik og dykkar born ikkje kjem seg på skulen, melder de det inn til kontaktlærar på same måte som anna fråver.

Sjå innlandstrafikk.no for oppdatert info.

Det er sendt ut melding frå skulane til føresette om faren for streik.