Felles arbeid med skuledemokrati og skulereglar

Fredag 26.april var elevar, foreldre, tilsette, tillitsvalgde, rektorane og skulesjef samla til ein innspeldag for å utarbeide rutiner for skuledemokratiet og skulereglar (tidlegare ordensreglar) for skulane i Øystre Slidre.

Det vart ein spennande dag der elevane bidrog til at vaksne kunne få eit betre innblikk i elevane sin skuledag. Vidare skal ei gruppe samle innspela til eit forslag til skulereglar som blir sendt ut på høyring. Da håpar vi på mange innspel somer med på å lage gode skulereglar. Dei vil vere med på å gi eit trygt og godt skulemiljø for elevane. Skulereglane vil også bidra til at dei tilsette får gode arbeidsdagar saman med elevane, seier kommunalsjef Kjersti Hedalen.

Øystre Slidre kommune