Fjellstafetten i Øystre Slidre 2020

Fjellstafetten går frå 28.juni til 11.oktober. Skilta ruter til 12 fine utsiktspunkt. Kopp med motiv til dei som har gått minst 10 av turane. Det er inga registreringsbok på toppen, men ein unik kode som noterast i fjellstafettfaldaren (PDF, 2 MB). Lik gjerne Fjellstafetten i Øystre Slidre på Facebook. Her får du blant anna informasjon om turmål som er klare før 28.juni. Sjå også kart og turforklaringar. (PDF, 795 kB) Du kan også hente faldar og turforklaringar i skranken på kommunehuset på Tingvang. God tur!