Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøyste til stortings- og sametingsvalet frå 11.august.

Førehandsrøysting på Tingvang

Du kan førehandsrøyste på Tingvang i perioden 11.august til 5.september. 

Opningstid for vallokalet er kl. 09.00 - 14.00, måndag - fredag.

Førehandsrøysting på Beitostølen

Du kan førehandsrøyste i Velkomstsenteret på Beitostølen laurdag 30.august. 

Opningtid for vallokalet er kl. 10.00 - 15.00.

Om førehandsrøysting

Du treng ikkje å førehandsrøyste i den kommunen du bur i, du kan førehandsrøyste i den kommunen du oppheld deg i. Her finn du oversikt over kvar du kan førehandsrøyste.

På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntallsført i.

Legitimasjon

Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Eksempel på legitimasjon er; pass, nasjonalt ID-kort, førarkort og bankkort med bilete. Hugs å ta med legitimasjon når du skal røyste.

Informasjon om røysterett

Alle med røysterett til Stortingsvalet får tilsendte informasjon frå Valgdirektoratet. Her får du ei stadfesting på at du har røysterett og informasjon om kvar og når du kan røyste på valdagen. Tidlegare vart det sendt ut valkort til alle med røysterett, denne ordninga er avvikla. Du treng berre å ta med legitmasjon når du skal røyste.

Ambulerande røysting

Veljar som grunna sjukdom, eller uførhet ikkje kan gje vanleg førehandsrøyst, kan etter søknad til valstyret røyste der dei oppheld seg. Viss søknaden blir innvilga, vil veljaren bli oppsøkt der vedkommande oppheld seg seinast i løpet av fredag 5. september. Frist for å be om ambulerande røysting er torsdag 4.september kl.12.00. Ta kontakt på telefon 61 35 25 00, eller send e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no

Sametingsvalet

Er du innført i Sametinget sitt valmanntall kan du førehandsrøyste til sametingsvalet der du førhandsrøyster til stortingsvalet i Øystre Slidre kommune. Informasjon om sametingsvalet finn du på Sametinget si nettside.

Valstyret i Øystre Slidre

 

Postadresse:

Bygdinvegen 1989

2940 Heggenes

e-post: post@oystre-slidre.kommune.no

tlf: 61 35 25 00

Åpningstider

TINGVANG: 11.08 - 05.09, mån-fre kl.09.00 - 14.00

 

 

Kartpunkt