Foreldrekurs - Trygghetssirkelen (COS-P)
Trygghetssirkelen er eit foreldrekurs som gir foreldre eit “veikart”/verktøy til betre å forstå kva behov barn har, kva signal dei gir og kva som kan gjerast for å møte desse behova.
Foreldrekurset blir i haust arrangert i Øystre Slidre kommune. Kurset er gratis og er for foreldre i Øystre Slidre, Vestre Slidre og Vang.
Kurset har åtte samlingar. Kursdag er tysdag, kl.14.30 - 16.00, oppstart er 14.oktober.
Påmeldingsfrist er 7. oktober.
Informasjon om kurset
Meir informasjon om kurset og påmelding finn du her (PDF, 254 kB)
Publisert 10.09.2025 11.57