Frivilligprisen 2021 går til Sælshagane gråtassforening

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at årets frivilligpris for 2021 går til Sælshagane gråtassforening.

Sælshagane Gråtassforening gjer ein veldig viktig innsats for å ta vare på vår tekniske landbrukshistorie og generelle gards- og bygdehistorie. Ein stor innsats blir lagt ned for å arrangere det årlege Gråtasstreffet på Heggebø i september. Der er det skapt ein arena for interesse og formidling av denne historia. Vi ser eit  inkluderande miljø som både "gråtassar" samt vaksne og unge trivst i. Gjennom møte mellom generasjonar blir kulturarv og gode historier levert vidare frå generasjon til generasjon, kanskje historier som elles kunne gå i gløymeboka. 

Foreninga er godt synleg på nasjonaldagen med mellom anna eigen parade. Dei skaper mykje liv og moro i lag med Åsblæsten denne dagen. Ingen 17. mai utan gråtassar!

I tillegg er det ikkje mange foreiningar som kan skryte på seg at dei har ein rekord i Guinness World Records, men soplimen til Sælshagane Gråtassforening har fått sin heider her.

I dag er det Oddbjørn Sælid som er leiar i foreninga.

Øystre Slidre kommune gratulerer Sælshagane Gråtassforening med prisen. Prisen vil bli delt ut på eit arrangement i desember.