Frivilligprisen for 2018 gjekk til dei frivillige på Frivilligsentralen

Øystre Slidre Frivilligsentral har slagordet "Aktiv for trivsel" og har som mål å vere eit kraftsenter for folkehelsearbeid og frivillig verksemd i kommunen.

Frivilligsentralen skal styrke nærmiljøet i kommunen, formidle tenester mellom innbyggjarane på frivillig grunnlag og etablere kontakt på tvers av generasjonar og kulturar. Dei held til på Moatunet på Heggenes og er ein triveleg møteplass for folk i alle aldrar, med særleg vekt på eldre.

Dei har mange faste aktivitetar som trimgrupper, babytreff, flyktningetilbod, handarbeidstreff, lesestund, sittedans, dansekvelsar, musikktreff, fredagskafe, hjelpeoppdrag og utkøyring av oppfyringved, guida fjellturar og trilleturar.

Frivilligsentralen har om lag 70 frivillige hjelparar. Dei frivillige gjer ein fantastisk innsats, og opplever det som eit svært gjevande arbeid. Å vera frivillig gjev mykje attende, også i form av auka livskvalitet.

Øystre Slidre kommune er svært takksam for alle dei frivillide ildsjelene som deler raust av si tid.

Prisen vart delt ut på juleavslutningen på Volbugrendehus 19.desember.

 

Randi Lauvrud og Jens Rogne Renna med prisen, eit keramikkfat laga av Ester Schenker.