Gratis klede og sko til dei som treng det mest

Frivilligsentralen har sidan mars i fjor samla inn klede, sko og leiker som er lagra i kjellaren på gamle sjukeheimen, Moavegen 38, Heggenes.

Kleslageret i Moavegen - Klikk for stort bilete

I haust vart lageret systematisert endå betre og no er det regelmessige opningstider annankvar torsdag (oddetalsveker) kl. 18.00-19.30.

Inngang ved gamle kantina i kjellaren (vestre del av bygget mot Heggefjorden). Velkomen innom for å sjå om vi har noko du treng.

Dette er eit tilbod til dei som treng det mest dvs. flyktningar og andre som har lite å kjøpe klede og sko for.

Innlevering av klede, sko og utstyr

Vi har fått inn mykje utstyr, men vi ynskjer fortsatt at folk leverer inn klede og sko. Alt utstyr må vere reint og heilt. Utstyret leverast i opningstida.

For meir info, kontakt tlf. 97605755

Kontaktinfo

Liv Vingdal
Leiar folkehelse og frivilligsentral
E-post
Telefon 97 60 57 55

Kartpunkt