Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Har du kjøkkenutstyr eller veggpynt til flyktningar?

Øystre Slidre kommune har takka ja til å ta i mot 65 flyktningar i 2022. Dette er 43 meir enn ordinær busetting. Vi kan forvente å få dei første flyktningane frå veke 17. Takka være god givarglede og dugnadsinnsats har vi klargjort fleire leiligheiter i Moavegen, men vi manglar framleis noko noko kjøkkenutstyr og veggpynt.

Dersom nokon har noko til overs (må sjølvsagt være av OK standard), tek vi gjerne i mot dette. Ta kontakt med Liv Vingdal på frivilligsentralen, tlf 976 05 755.