Vallokale
Vallokalet i Øystre Slidre er Storsalen på Tingvang.
Inngang til vallokalet er til høgre for inngangen til kommunehuset.
Opningtid
- Søndag 7. september kl.14.00 - 18.00
- Måndag 8. september kl.10.00 - 18.00
Når du skal røyste må du ha med legitimasjon
Legitimasjon er t.d. førarkort (også digitalt), pass, nasjonalt id-kort, bankkort med bilete eller anna legitimasjon som viser bilete, namn og fødselsdato.
Hjelp til å røyste
Ta kontakt med ein valmedarbeidar dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røyste. Valmedarbeidarane har teieplikt.
Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting som gjer at du ikkje kan røyste åleine? Då har du rett på å få hjelp til å røyste av ein valmedarbeidar eller ein annan person som du sjølv peikar ut.
Bruk røysteretten din - velkomen til val!