Høyringsmøte for kommuneplanen sin arealdel 24.april

Formannskapet inviterer lag, organisasjonar og andre som har ynskje om å presentere sine synspunkt på kommuneplanen sin arealdel til høyringsmøte onsdag 24. april. Møtet blir i kommunestyresalen kl.09.00 - 16.00.

Det blir tildelt eigen tid for kvar av dei som ynskjer å presentere si sak. I tillegg til formannskapet, vil kommunedirektøren og planavdelinga delta i møtet.

Når vi har motteke tilbakemeldingar frå dei som ynsker å fremme synspunkt tildeler vi tid til kvar av dei som har meldt inn. Det vil bli gjeve tid etter kor mange og omfattande saker de ynsker å ta opp.

Meld inn synspukt

Vi ber om at de som ynskjer å fremme synspunkt melder inn kva de ynskjer å presentere innan 15.april 2024. Ta kontakt med Tone Snortheim, e-post: tone.snortheim@oystre-slidre.kommune.no 

Kontaktinfo

Tone Snortheim
Tenesteleiar næring, plan og byggesak
E-post
Telefon 41 55 43 47