Gjeldande prisar og perioder for 2026
Førstegongskjøp
Første gong du kjøper treningskort, må du gjøre dette ved oppmøte i resepsjonen på kommunehuset på Tingvang. Opningtid er kl.09.00 - 15.00 på kvardagar.
Slik fornyer du treningskortet
Kortet gjeld for betalt periode og abonnementet blir automatisk avslutta etter utløp av periode. Dersom du ønskjer å fornye treningskortet for ei ny periode kan du gjere dette ved å betale via VIPPS til nr.946270. Ved fornying av treningskortet ditt godtek du gjeldande vilkår for bruk av treningsrommet på Heggenes.
NB: Treningskortet blir ikkje automatisk opna ved VIPPS-betaling. Du må sjølv ta kontakt med respsjonen på kommunehuset på Tingvang for å gi beskjed om at du ønskjer kortet opna. Stikk innom, ring tlf 61 35 25 00, eller send ein e-post: post@oystre-slidre.kommune.no.
Ved fornying må du rekne med at det kan gå tre virkedagar før kortet er aktivt att.
Betalingsalternativ
Dersom du ikkje kan betale med VIPPS, ta kontakt med resepsjonen for å avtale fakturering.