Informasjon til heimebuande tenestemottakarar og pårørande

Heimesjukepleia i Øystre Slidre kommune jobbar i desse dager aktivt med å førebygge smittespreiing av koronavirus til heimebuande tenstemottakarar. Dette kan føre til endringar for tenestemottakarane i tida som kjem.

Det kan bli naudsynt å redusere omfanget av heimetenester i nær framtid. Dette kan bli naudsynt dersom store delar av personalgruppa blir sjuke eller må i karantene. Koronaviruset kan også føre til at fleire må få pleie heime, noko som også vil utfordre oss på kapasitet. Vi har gjort fleire grep slik at vi har personell i bakhand. Men trass dette kan vi kome i ein situasjon der vi må strengt prioritere tenestenivået til heimebuande.

Vi har fått spørsmål frå brukarar og pårørande om tenestemottakarar mellombels kan avstå frå delar eller heile tilbodet anten det gjeld heimehjelp, BPA eller heimesjukepleie. Det er fullt mogleg. Dette vil redusere smittefaren for brukaren og bidra postitivt til kapasiteten vår i ei krevjande tid.

Følgande endringar kan elles bli naudsynte framover:

1. Redusere hyppigheit av besøk:

Om kapasitetutfordringane blir store vil berre naudsynt helsehjelp bli prioritert t.d. enkelt stell, mat og medisinar.

2. Be pårørande om hjelp:

Vi ynskjer å inngå samarbeid med pårørande om overtaking av oppgåver hjå sine i ei periode, der det er mogleg, t.d. hjelp til strømper, reingjering, tilsyn eller dusjing. Ta gjerne kontakt med tenesta og meld frå kva du som pårørande kan bidra med.

3. Redusere/stoppe BPA og støttekontaktordninga:

Støttekontakttilbodet er alt mellombels stoppa. Tilbod om BPS vert fortløpande vurdert i forhold til innhald og behov. Dei som kan bli berørt vil bli kontakta og informert.

4. Redusere heimehjelp:

Tilbodet vert fortløpande vurdert ut i frå den enkelte sitt behov og tenesta si kapasitet.

5. Omdisponering av personell:

Det kan bli naudsynt å omdisponere personell frå andre tenester i kommunen framover. Desse vil ha ID-kort for å identifisere seg når dei kjem på heimebesøk.

6.Hjelpemiddel:

Hjelpemiddel vil ikkje blir henta inn frå heimar før det blir mindre smittefare.

7. Til sist ber heimesjukepleia om at følgande blir kjøpt inn i alle heimar der det ikkje er dette utstyret frå før:

  • Pumpesåpe, turkerull og avfallsbøtte med lokk
  • Temeraturmåler til rektalt bruk

Melde mellombels stopp eller reduksjon i tenesteomfang

For melding om mellombels stopp eller reduksjon i tenesteomfanget, eller andre spørsmål, ta kontakt med tildelingskontoret på tlf 61 34 28 70 eller 916 29 270.

 

Vi må stå saman i denne utfordrande tida så godt vi kan, og då er vi særs takksame for å oppleve den gode dugnadsanden som rår hjå alle i kommunen.

Tusen takk til alle som bidreg!

Kontaktinfo

Tildelingskontroet
Telefon 61 34 28 70
Mobil 916 29 270