Innflytting i Øystre Slidre helsetun

Klikk for stort bileteNo er det like før vi skal ta i bruk det flotte nye Helsetunet på Heggenes. Flytteprosessen starter 26.01 med innflytting i delar av dei 18 omsorgsbustadane.

Så tek vi sikte på å flytte heile institusjonen den 28.01. Vi har stort fokus på å gjennomføre flytteprosessen på ein forsvarleg måte med tanke på smittesituasjonen og at vi er i den kaldaste årstida. For å ivareta smittevernet ynskjer vi att færrast mogeleg deltek i flyttesjauen, og at dei som deltek bruker munnbind og spriter seg når dei går ut og inn i dei ulike bygga.

Alle smitteverntiltak som er innført på sjukeheimen og som er gjeldande på flyttedagen vil og gjelde i institusjonsdelen i Helsetunet når pasientane er flytt inn. Sjå kommunen si heimeside.

Vi gler oss til å ta dette fantastiske bygget i bruk, og vi skulle ynskje at vi kunne vise det fram for alle som har interesse for å ta det i augesyn, men det må vi vente med grunna situasjonen med covid-19.