Mobilnettet er nede

Frå Statsforvaltaren i Innlandet har kommunen fått melding om at det har oppstått dekningsbortfall i mobilnettet i Innlandet, i området rundt Beitostølen. Det er anteke at årsaka er fiberbrot.  Telenor melder om sterk redusert til ingen dekning rundt Fagernes, Beitostølen, Hovda fjellhotell, Nythun høyfjellstue, Vangsmjøsa og Tyin-fjorden. I tillegg har ca. 2 500 av Telenors breibandskundar mellom Søndre Land og Vang mista forbindelsen. Ice og Telia har utfall og forstyrrelser i mobilnettet i same område. 

Frå nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er det kl 2034 meldt at ein reknar med at dekning bør vere tilbake innan midnatt.

Råd til brukarar (frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet):
•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i et område er det mogleg å ringe nødnumra via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dei fleste med trådlaust breidbånd kan ringe med WIFI tale
•    Alternativ vil vere å bevege seg til et område som har mobildekning

Kommunen er i gang med å teste trygghetsalarmar, og vil fortløpande vurdere tiltak for å trygge sårbare brukarar. 

Meldinga er publsert 19. april kl 2025, og vil bli oppdatert (sist oppdatert kl. 2055).

Ipad til bruk for videosamtale mellom bebuarar ved sjukeheimen og pårørande

Som følge av koronasituasjonen der sjukeheimen har vore mellombels stengt, har dette ført til at bebuarar og pårørande ved sjukeheimen har svært begrense kontakt seg i mellom.

Vi veit at kontakt med sin familie og kjære er viktig for psykisk helse, og ikkje minst trivsel i kvardagen.Som eit tilbod til pasientar og pårørande har vi etablert ei ordning der vi tilbyr bistand til å gjennomføre videosamtalar med sine tilhøyrande. Dette som eit tiltak for å førebygge sakn, og følelse av isolasjon. Det å kunne sjå sine kjente gjennom skjermen trur vi vil verte eit lyspunkt i kvardagen. Det er ikkje heilt det same med ei digital samtale, men vi tykkjer det er eit godt alternativ i den situasjonen vi står i.

Aller næraste pårørande av pasientar på sjukeheimen har fått en SMS om korleis dei skal gå fram for å ta løysinga i bruk.

Øystre Slidre kommune rettar ein stor takk til Gjensidigestiftelsen for at dei har sponsa oss med ein Ipad, og til IKT Valdres for god hjelp i prosessen vidare.