Jostein Aanestad tilsett som rådmann i Øystre Slidre kommune

Kommunestyret har i dag tilsett Jostein Aanestad (56) som rådmann i Øystre Slidre kommune. Aanestad kjem frå stilling som rådmann i Sogndal kommune, og vil ta til i stillinga innan 1. mai. – Øystre Slidre får ein hardt arbeidande rådmann som kan vidareutvikle den positive trenden vi har i kommunen. Jostein har lang fartstid som rådmann i Sogndal, og har spelt ei viktig rolle i den gode utviklinga dei har hatt dei siste åra. Hans entusiastiske og uformelle væremåte vil bygge lagfølelse og tillit. Han vil passe bra inn i bedriftskulturen og samfunnet i Øystre Slidre. Den kommande rådmannen har kunnskap, evner og ferdigheter som vil sikre og vidareutvikle det gode arbeidet avtroppande rådmann Øivind Langseth har gjort saman med sin stab. Dette seier ein svært tilfreds ordførar Kjell Berge Melbybråten.

– Eg er imponert over dei resultata Øystre Slidre kan vise til, seier komande rådmann Jostein Aanestad. Han ser fram til eit godt samarbeid med kommunestyret og dei tilsette for å utvikla kommunen vidare. Kommunen har eit stort potensiale, formidla gjennom slagordet «Rein naturglede». Han gler seg til å bli kjent med kommunen og alt den har å by på.

Jostein Aanestad er frå Bryne på Jæren, 56 år, gift og har tre vaksne born. Her er utdanna landbruksøkonom frå Universitetet for miljø og biovitenskap (tidlegare Norges Landbrukshøgskule) på Ås. Han har jobba 11 år i Miljøverndepartementet, 9 av desse som underdirektør/ avdelingsdirektør, og vel 17 år som rådmann i Sogndal kommune. Sogndal kommune er den kommunen i Sogn og Fjordane som det siste 10-året har hatt sterkast vekst i folketalet og er blant dei kommunane i landet som skårar best på Kommunebarometeret. Kommunen har levert svært gode økonomiske resultat og har hatt eit lågt sjukefråvær blant dei tilsette.

Melbybråten seier at søkarlista til stillinga var svært bra. – Det var fleire gode kandidatar, men Jostein skilte seg ut som den vi meiner er den beste. Jostein sine erfaringar innan relasjonsbygging og samhandling vil og koma heile Valdres til gode, og vi ser fram til han trer inn i stillinga, avsluttar ordføraren.