Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Klima+ satsing er no i gang

Måndag 4.mai starta Anni Onsager som prosjektleiar for Klima+, og ho er allereie godt i gang med å planlegge korleis vi skal sikre at kommunevisjonen "Rein Naturglede" skal bli verkelegheit for hytteutviklinga framover.

Anni Onsager kjøpte i fjor Eker Gård på Skammestein og skal utvikla garden til ein attraksjon med kunst og natur som ramme. Ho har ein litt sjeldan kombinasjon av utdanning og erfaring både innan økonomi og kreativitet som vi håpar vil prega prosjektet framover, seier rådmann Jostein Aanestad.

Fritidsbustadbygging og deltidsinnbyggarane er ei viktig næringsgrein i Øystre Slidre kommune. Næringa har i dag eit stort klimaavtrykk både gjennom utbygging og bruk av fritidsbustadar, og næringa treng å klimaomstillast.

Vi skal laga ein inspirerande og framtidsretta møteplass for næringslivsaktørar som ønsker å bidra til ei meir bærekraftig framtid. Vi håper vi kan dekka alle bransjer og bedrifter i alle storleikar ved å legga til rette for samarbeid.

Saman skal vi utvikla hyttefelt og løysingar som vil gjere det enklare for hytteeigarane å velja ei meir bærekraftig fritid.

Så langt vi veit er det ingen andre kommunar som har sett slike ambisjonar for hyttebygging og hyttebruk. Vi skal bruka både tilgjengelege utprøvde løysingar og nyutvikla teknologi, og tilpassa rammevilkår og retningsliner slik at nye løysingar blir tatt i bruk. Målet er at utbygging og bruk av fritidsbustader i framtida skal ha positiv eller nøytral klima-effekt. Vi har rekna på summen av klimalagringa i ei massivt-tre hytte, klimaverknaden av utbygging og el-produksjonen knytt til hytta opp i mot el-forbruket på hytta og for ein bil på strekninga Oslo-Beitostølen, og ser at det er realisme i ambisjonane vi har for Klima+ om positiv eller negativ klimaverknad av hyttenæringa.

Er du næringsdrivande og har lyst til å bli del av eit fremoverlent, kreativt og inspirerande miljø så ta kontakt med Anni Onsager.