Kommunehuset Tingvang opnar opp att måndag 11. mai

Regjeringa har kome med nye retningslinjer og råd for ei gradvis opning av samfunnet. Dette inneber m.a. at vi kan gjenopne kommunehuset Tingvang på visse vilkår.

For publikum betyr dette m.a.:

  • Du skal ikkje kome til oss om du føler deg sjuk eller om du er i karantene.
  • Ver nøye med hand- og hostehygiene. Vi ber deg om å vaske hendene/bruke sprit-dispensar ved inngangen når du kjem inn
  • Besøkande (eksterne) skal vente i resepsjonen, og skal hentast av saksbehandlar. Pass på å halde minst ein meters avstand. Saksbehandlar skal også følgje den besøkande ut av huset.
  • Kantina vil framleis vere stengt.