Koronavaksine - tilbod om dose 4 til dei som er 80 år og eldre

FHI har opna for at personar 80 år og eldre som har fått 3 dosar og ikkje har hatt koronasjukdom etter dette, kan få ei ny oppfriskningsdose dersom dei sjølv ynskjer det. 

Dosen kan bli gjeve tidlegast 4 månader etter siste oppfriskningsdose.

Praktisk gjennomføring

I og med at tilbod om vaksine til personar 80 år og eldre er ikkje ei generell tilrådning, men eit tilbod til den einskilde, vil ikkje kommunen kalle inn til vaksinering. 

Dersom du ynskjer slik oppfriskningsdose, ta kontakt med vaksinekoordinator på telefon 61 35 25 55. I fyrste omgang har vi nokre ledige plassar til vaksinering onsdag 11.mai kl.16.00 på legekontoret.
 

Kontaktinfo

Kontakttelefon - vaksinering 1
Telefon 61 35 25 55