Kvardagsrehabilitering og førebyggjande heimebesøk i Øystre Slidre kommune

Kvardagsrehabilitering har fokus på førebyggjande helsearbeid retta mot heimebuande eldre. Fall er ei utfordring for personar i aldersgruppa 75-79 år. Kvardagsrehabilitering og førebyggjande heimebesøk er begge førebyggjande  tenester.

Alle innbyggjarar mellom 75 og 79 år i Øystre Slidre kommune får brev med informasjon om tenestene. I brevet ligg det brosjyrer om kvardagsrehabilitering og fallførebygging.

Kvardagsrehabilitering vil i etterkant av utsendt brev ta kontakt med innbyggjarar i aldersgruppa og tilby eit førebyggjande heimebesøk. Her ynskjer vi å snakke om kva som er viktig for at du skal kunne oppretthalde din aktivitet og ditt funksjonsnivå i alderdommen. Ulike tema blir take opp, og du får informasjon om ulike aktivitetar og tenester.

Kva er kvardagsrehabilitering?

I Øystre Slidre kommune har vi sidan 2014 hatt tilbod om kvardagsrehabilitering. Føremålet med tenesta er at brukaren kan bu heime lengst mogleg og delta aktivt i eige liv. Brukaren deltek aktivt i rehabiliteringa og jobbar saman med tverrfagleg team for å nå måla. Treninga mot måla skjer i heimen eller nærområdet til brukaren, i ei intensiv og tidsavgrensa periode.

Kvardagsrehabiliteringsteamet består av fysioterapeut Åshild Gjevre, hjelpepleier Arnlaug Ekerbakke og ergoterapeut Anette Gjelstad, med tverrfagleg vidareutdanning innan kvardagsrehabilitering. Teamet har også to heimetrenarar og jobbar tett saman med helsefagarbeidarar i heimetenesta.

 

Kvardagsrehab 1 - Klikk for stort bilete

F.v. Åshild Gjevre, Anette Gjelstad og Arnlaug Ekerbakke

Kontaktinfo

Systemkontoret
Tildeling av tenester og sentralbord
Telefon 61 34 28 70