Lagånd, samarbeid og meistring ved ØSUS

Fjelltoppane på ØSUS handlar om lagånd, samarbeid, meistring og inkludering saman med eit sunt konkurranseinstinkt.

Fjelltoppar-flagga - Klikk for stort bileteFjelltoppar-flagga S.A.T.

På tvers av trinna er skulen sine elevar fordelt på kvar sin fjelltopp; Glittertind, Leirungstind, Torfinnstind eller Rasletind. Kvar haust har vi ein opningsseremoni der nye åttendeklassingar blir ønskja velkomen inn på det som blir deira fjelltopp gjennom alle tre åra på ØSUS. Deretter går startskotet for den fyrste stortevlinga utandørs, tautrekking.

Fjelltoppane på ØSUS er nemleg ein pågåande konkurranse som held fram gjennom heile skuleåret, fordelt på små og store tevlingar i mange ulike greiner. Her er det noko alle kan delta på, og her er det mogeleg for alle å bidra og å kjenne på meistring; anten du er kjapp i hovudet eller sterk i kroppen, flink med henda eller ein god leiar i gruppa. Teikning, sjakk, baking, rifleskyting på bane, quiz, eggjakt, handbak, volleyball, fotball, farmen-aktivitetar er døme på tevlingar ein kan få vere med på. I forkant av konkurransar treffast toppane i kvar sin basecamp for bygge lagånd og motivere, leggje strategiar og dikte heiarop – kanskje til og med ete litt kake?

«Mø klatra i saman», og kvar vår før vi tek sumarferie blir det kåra ein vinnartopp som mottek den gjeve vandrepokalen samt heder og ære. Dei fargerike t-skjortene vert bretta fint saman i påvente av ein ny haust og nye elevar, seier rektor Siv A.Theodorsen.