Lang og tru teneste i kommunen

Det er tradisjon å feire dei som har 25 eller 40 års fartstid i kommunen på det siste kommunestyremøtet før jul. 

F.v. Jostein Aanestad (rådmann), Evy Synneve Nes, Turi Hedalen, Anette Gjelstad, Wenche Kolstadbakken, Heidi Ellingsen Sælid, Siv Dahle og ordførar Odd Erik Holden. Mette Irene Bruseveen og Borghild Hemsing var ikkje til stades.

Det vart inga markering i fjor, grunna korona, derfor vart årets og fjorårets jubilantar feira no i år. 

Evy Synneve Nes har 40 års fartstid, dei øvrige har 25 års fartstid. 

Rådmannen takkar alle for innsatsen dei har gjort for innbyggarane i kommunen over lang tid. Medarbeidarar som står lenge i jobben er heilt avgjerande for god kvalitet i tenestene.