Næringsprisen for 2021 er delt ut

Arne Nordås, leiar av Øystre Slidre næringsforening, er tildelt Øystre Slidre kommune sin næringspris for 2021.

Arne Nordås og ordførar Odd Erik HoldenArne Nordås får prisen for stort engasjement i Øystre Slidre næringsforening og for innsatsen spesielt med å produsere alle «Bli kjend» hefta, som er kome ut i ny form, heilt sidan 2007. Arne kom med i foreninga i 2005/2006. Med Arne som leiar og redaktør av bladet, blei «Bli kjend» til eit magasin på heile 132 sider. Magasinet er no fullt med bedriftsomtaler, kultur og friluftslivstoff, samt eit omfattande bransjeregister. Arne har også heile vegen hatt ansvar for all medlemskontakt og for å arrangere gode medlemsmøter med interessante foredragshaldarar. Sosiale samankomstar er og viktig.

I seinare tid har han vore med å produsere 14 filmar frå dei ulike medlemsbedriftene i næringsforeninga. Arne sit og i redaksjonen for foreninga sin podkast.

Han fortel sjølv: «At jeg har vært aktiv i Næringsforeningen i alle disse årene skyldes kun en genuin interesse for næringsutvikling, og det å gjøre små bedrifter synlige. Det har også vært mitt mål med Bli kjend. Jeg har hele tiden sett på arbeidet med Bli kjend, filmer og podkast også som kulturhistorie og dokumentasjon av næringsutvikling i kommunen, noe som er drivkraften for å drive på med dette.»

Øystre Slidre kommune gratulerer Arne Nordås med næringsprisen for 2021.