Nasjonal portal for bekymringsmeldingar

Den interkommunale barneverntenesta i Valdres har no teke i bruk "Nasjonal portal for bekymringsmeldinger". Er du bekymra for eit barn eller ein familie i ein av våre kommunar kan du no enkelt melde bekymringa di digitalt.  

Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Du treng ikkje vere sikker på at noko er galt. Når du har sagt frå, er det barnevernets jobb å vurdere korleis meldinga skal fylgjast opp. Som privatperson kan du no melde bekymringa di digitalt: https://bekymringsmelding.fiks.ks.no/.

Dersom du som privatperson ynskjer å vere anonym, må du framleis sende bekymringsmeldinga per post til Interkommunal barneverntjeneste i Valdres, Postboks 143, 2901 FAGERNES, eller ta kontakt på telefon 61 35 65 60. Offentleg tilsett og andre med profesjonsbestemt teieplikt har ikkje høve til å vere anonyme kring bekymringsfulle forhold for barn som dei har kjennskap til gjennom sitt arbeid.

Alle offentleg tilsette og andre med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å melde frå til barnevernet viss dei er alvorleg bekymra for eit barn. Som offentleg tilsett eller yrkesutøvar med profesjonsbestemt teleplikt kan du melde bekymringa di digitalt her: https://bekymringsmelding.fiks.ks.no/offentlig.

Tenesta er sikker. Du loggar inn med bank-ID og bekymringmeldinga blir sendt direkte inn i barneverntjenestens fagsystem. Sømlaust, raskt og effektivt - til barnets beste.

Kontaktinfo

Interkommunal barnevernteneste i Valdres
Telefon 61 35 65 60

Adresse:

Nord-Aurdal kommune
Postboks 143
2901 Fagernes