No kan du søke om transportstøtte til kjøp av grovfôr grunna avlingssvikt
Kommunestyret vedtok i sak 49/18 (PDF, 419 kB)ei ordning for kommunal støtte til langtransport av innkjøpt grovfôr grunna avlingssvikt.
Ordninga gjeld berre for innkjøp av grovfôr til eigne dyr og omfattar dei som søkjer om produksjonstilskot i Øystre Slidre kommune. Meir informasjon og vilkår for ordninga er opplyst i søknadsskjemaet.
Søknadsskjema kan du laste ned her , eller hente i resepsjonen på kommunehuset.
Absolutt søknadsfrist er 10.desember 2018.
Sist endra 07.11.2024 12.01