Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Nytt piano til Tingvang

Tingvang har fått nytt piano, eit Bechstein R6. Pianoet vart levert av Trond Hellstrøm og kultursjef Kari Onstad tok i mot med stor glede

Kari Onstad og Trond Hellstrøm med det Tingvang sitt nye piano - Klikk for stort bileteKultursjef Kari Onstad og Trond Hellstrøm med Tingvang sitt nye piano. Sofie Strand

Modellen heiter residens og har eit heilt nyutvikla klangverk og speleart. Hellstrøm har levert piano i Valdres i ei årrekke, både på Hemsingfestivalen og til Sommersymfonien. Han kjenner Valdres godt og fortel at dette er det beste pianoet i Valdres til no. Eit fullstendig konsertpiano opnar for spel, både for 1.klasses klassiske utøvarar og også til jazz, pop og rock.

Dette er ei stor investering og mange har bidrege i å samle inn pengar til nytt piano. Korpset hadde ei stor rolle i å søke midlar, og saman med koret og andre aktørar vart det samla inn pengar på eit flott konsert i september.

Pianoet har ein klangleg rikdom og dynamikk som er i særklasse. Trond Hellstrøm henta pianoet personleg i Berlin og fortel at lykkeleg tilfeldig vart det ein heilt ny og meir kostbar modell enn bestilt. Dermed har eit pianoet med ein verdi på nær 100 000 meir enn planlagt, funne vegen til Tingvang. Dette er Rolls Royce-utgåve blant piano, seier Trond Hellstrøm.

No skal pianoet bu seg til, og venja seg til fjelllufta i bygda, før det må bli ein pianokonsert på vårsida. Dette er eit lyft og ei investering som gjer Tingvang til ein aktuell arena for mange slags konsertar.