Nytt tilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre

Det vart onsdag 23. desember konstatert eit nytt smittetilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre. Det er sett i gang smittesporing, og 11 personar er sett i karantene som ein følgje av dette tilfellet.

Det nye smittetilfellet har ikkje kjent samanheng med den positive testen som vart avlagt i førre veke.