Nytt tilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre

Det vart søndag 3. januar konstatert eit nytt smittetilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre. Det er sett i gang smittesporing, og 2 personar er sett i karantene som ein følgje av dette tilfellet.

 

Den smitta har sjølv vore i karantene som ein følgje av at vedkomande er nærkontakt til ein tidlegare registrert smitta.