Nyttårshelsing frå ordføraren

Eg helsar 2021 velkommen med eit sitat frå forfattaren Hal Borland: «Årets slutt er verken en slutt eller en begynnelse, men en fortsettelse, med all den visdom som erfaring kan fylle oss med.» 

Odd Erik Holden

På tampen av 2020 skjedde ei stor katastrofe i Gjerdrum kommune. Naturkrefter som rammar eit lokalsamfunn på ein ufatteleg måte. Heimar vart totalt øydelagt, folk opplevde at vener og naboar forsvann i dette forferdelege raset. Vi fekk same dag som det katastrofale raset gikk, melding om at ein av dei sakna har nær familie i vår kommune. Redningsmannskapa som gjer ein formidabel innsats i rasområdet, fann etter kvart omkomne i raset. Den fyrste dei fann viste seg diverre å vera Eirik Grønolen som har vokse opp i Øystre Slidre. Eg vil få uttrykkje mi djupaste medkjensle med dei pårørande, som no er råka av denne store tragedien.

Året 2020 har vore eit spesielt år for alle og på mange ulike måtar. Eg vil få takke kvar og ein for tolmodet, og innsatsen som er lagt ned i 2020. Vi har heldigvis fåe som har vore smitta og sjuke i Øystre Slidre. Det tyder på at vi har følgt råda, og gjort vårt beste i heile denne perioden vi no har vore gjennom. Det er særleg unge og dei eldre som har fått merke dei sosiale konsekvensane. Alt som vi ikkje kunne gjennomføre og delta på, får vi ikkje gjort noko med, men vi kan glede oss til det som ligg framfor oss, når tida er inne for å opne opp att.

Sjølv om alvoret denne tida har prega kvardagen og sett tydelege grenser, har det vore vikitg å kunne glede seg over alt det som er positivt og bra. Eit par eksempel frå 2020; Ein fantastisk sommar for næringslivet, der vi verkeleg fekk oppleve at mange sette pris på å bruke fritidsbustaden og fjellet. Bygginga av det nye Helsetunet vårt er eit betydeleg løft for kommunen, og det er med stor beundring at entreprenørane har greidd å halde seg innafor avtale byggetid. Vi ser no fram til å ta dette anlegget i bruk i slutten av januar.

Eg tenkjer at vi er særs heldige som bur i et land, og i ei kommune der vi dreg lasset saman. Vi kjenner på at samhaldet og kjennskapen gjev oss tryggheit. 

Vi kan no sjå fram til at vaksina som skal beskytte oss mot Covid-19 har kome, og at vi alle vil få tilbodet om vaksine dei næraste månadane. Dette har vi venta på og betyr vi sakte kan gå tilbake til den normale kvardagen. Difor er det viktig at vi tek i mot tilbodet om vaksine.

Frå 1. januar vart grensene mellom Øystre Slidre og Vestre Slidre endra. Dette har vore ein lang prosess for dei som bur i Skjel. Endeleg avgjerd vart fatta i Kommunal- og moderniseringsdepartementet i mai 2020. Vi ynskjer både innbyggarane i Skjelgrenda og alle andre som har busett seg i Øystre Slidre i løpet av 2020, hjarteleg velkomne som Øystreslidringar.

Eg vil få ynskje dykk alle eit retteleg Godt Nytt År, avsluttar med kongens ord som han hadde i si nyttårstale, «Håpet skal bære oss alle inn i 2021»

Odd Erik Holden – ordførar