Nyutdanna TIBIR-rådgjevarar

Det er no 10 TIBIR-rådgjevarar utdanna i Valdres under leiing av PMTO-terapeut Olga Nyhus (til venstre i bildet).

TIBIR står for tidlig innsats for barn i risiko for å utvikle problemåtferd og er eit korttidsorientert rådgjevingstilbod til foreldre/føresette. Foreldre møter rådgjevar ein gong i veka over 2-6 veker.

TIBIR-rådgjevarane jobbar til dagleg på helsestasjonane, PPT og psykisk helse. Dei har gjennom ei 2-års periode gjennomført opplæring. Dei var samla på Scandic Valdres 18.juni for å få utdelt diplomar for vel gjennomført utdanning. Våre eigne helsesjukepleiarar Mona Svarre og Mimmi Rudi har delteke.