Offentleg høyring av oppvekstplan for Øystre Slidre 2027-2030

I kommunen sin planstrategi for 2024–2027, vedteken i kommunestyret 25. april 2026 i sak 24/195, går det fram at oppvekstplanen skal bli revidert i 2026. Kommunestyrekomiteen for opplæring og kultur har i møte 27.8.26 vedteke å leggja forslag til Oppvekstplan 2027-2030 ut på offentleg høyring. Frist for å sende innspel er 13.10.26.

Om oppvekstplanen

Oppvekstplanen for Øystre Slidre kommune er ein kommunedelplan som skal gje langsiktige mål innanfor oppvekstfeltet. Planen skal danne grunnlag for ein heilskapleg satsing på oppvekstområdet på tvers av fagområder. Den skal styrke trivsel, deltaking, inkludering og moglegheiter for barn og unge i kommunen. 

Planen blir følgt opp med ein handlingsdel som blir evaluert og rullert kvart år i samband med dialogmøtet. 

Handlingsdelen er eit arbeidsdokument for tenestene og er ikkje ein del av høyringa. Utdrag av mal for handlingsdelen kan du sjå her (DOCX, 16 kB)

Forslaget til oppvekstplan for Øystre Slidre 2027-2030 kan du lese her (PDF, 5 MB)

Medverknad og høyringssvar

Kommunen ønskjer brei medverknad frå innbyggjarar, brukarar, tilsette, samarbeidspartnarar og andre interesserte før planen vert endeleg handsama.

Planforslaget er òg lag ut i papirformat i resepsjonen på kommunehuset.

Høyringssvar kan sendast til Øystre Slidre kommune, i e-post: post@oystre-slidre.kommune.no eller i ordinær post til Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.

Frist for å sende inn merknad er 13.10.26.

Alle innspel blir vurderte før planen vert politisk behandla.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommunen på telefon 61 35 25 00 eller i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
Telefon 61 35 25 00