Ole vassverk - friskmelding av drikkevatnet

Øystre Slidre kommune har friskmeldt drikkevatnet fra Ole vassverk.

Det vart i førre veka sett i verk tiltak for å fjerne uønska bakterier. Rutinene våre ved ein slik hendelse er at vi starta kloring av vatnet, samt sendte ut kokevarsel. I tillegg auga vi UV-strålinga. Vi har no skifta lamper i UV-anlegget. Det viste seg at det var her feilen var. Det var ein produksjonsfeil ved lampene. Dette vil seie at  UV-lampene ikkje har fungert optimalt mellom to prøvetakingar. Våre rutiner med mange prøvetakingar av vatnet fungerer godt, og vi kan avdekke feil raskt.

Prøvene er no 100% reine, og mattilsynet har godkjent friskmeldinga. Vi opphever derfor kokeanbefalinga. Øystre Slidre kommune beklagar ulempa dette har medført.