Gjenbrukslageret var stengt 1.halvår i 2025, men har no opna att frå 1.september. Her kan dei som har lite å kjøpe for, hente seg gratis klede, sko, leiker m.m.
Opningstidene er annankvar måndag (partalsveker) kl. 14-17. Frivillige hjelper til med å pakke ut, systematisere og bistå dei som kjem innom for å hente eller levere utstyr.
Bruktsal
Det vil også vere bruktsal same datoar mellom kl. 16-17. Då kan ALLE koma innom å få kjøpt brukte varer til «gje-bort-pris». Inntekta går til Frelsesarméen i Valdres.
Innlevering av utstyr
Innlevering av utstyr skjer i opningstida annankvar måndag kl. 13-17. Utstyret må vera heilt reint og i orden. Utstyr må ikkje setjast att utanfor døra.
Arbeidet med gjenbruk er veldig meiningsfylt og vi opplever at innbyggjarane i kommunen er rause og ynskjer å bidra. Og dei som kjem innom for å ta imot utstyr, er svært takknemlege for tilbodet.
Opningstider
Annakvar måndag (partalsveker):
- Innlevering av utstyr kl.13.00 - 17.00
- Henting av gratis utstyr kl.14.00 - 17.00
- Bruktsal kl.16.00 - 17.00
Velkomen innom for å sjå om vi har noko du treng.
For meir informasjon, ta kontakt med Lina Hovi, tlf 90 55 55 88.