Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Oppstart av måleklubb i Øystre Slidre

Nytt tilbod til deg som liker å måle! No har vi starta opp ein måleklubb i kommunen.

Måleklubben er for deg som liker kunstmåling, enten det er akryl, olje eller akvarellmåling, eller kanskje teikning? Eller kva som helst anna du ynskjer å få ned på eit lerret.

Planen med denne klubben er å  ha ein stad vi kan møtast for å måle, utveksle erfaringar og inspirere kvarandre. Kanskje vi kan arrangere kurs, workshops og t.d. galleribesøk etter kvart. Ei eiga kunstutstilling er med i planane!

Vi møtest den fyrste måndagen i kvar månad på Øystre Sildre ungdomsskule kl.18 - 21.

Ta gjerne kontakt med Ingvild Langli, tlf 92 20 34 22, e-post: ingvild.langli75@gmail.com eller Gunvor Hegge, tlf 90 74 07 02.

Velkommen