Oppsummering av Fjellstafetten 2021

Fjellstafetten vart arrangert for tjuande gong i 2021. Som i 2020, og på grunn av Covid-19, vart det ikkje lagt ut bøker for registrering av turgåarar dette året, og det er ikkje trekt premiar blandt dei som har vore på toppane. 

 Årets toppar var:

  1. Øystre Rasletind (2010 moh)
  2. Fisketjetnnuten (1527 moh)
  3. Urekkollen (1228 moh)
  4. Heimre Kjølafjellet (1211moh)
  5. Javnberget (1097 moh)
  6. Gravfjellet, heimre punkt (1094 moh)
  7. Høge Berget (1009 moh)
  8. Fullsennknatten (1080 moh)
  9. Etnlikampen (1040)
  10. Nørre Saurshøgde (1052 moh)
  11. Rabalsmellin (1111 moh)
  12. Perstølhaugen (1042 moh)


Urekkollen Svein A. Svensli Rudi Det er nittande gong vi registerer kven som har gått ti toppar eller fleir, og i år var dette 432 personar. Dei får ein kopp med motiv frå Urekkollen i premie. Koppane kan hentast i resepsjonen på Tingvang frå midten av januar, og det vil bli annonsert på kommunen si heimeside og Fjellstafetten si facebookside når desse er klare for henting.

Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei blå t-skorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud t-skjorte. Dei som har delteke i 15 år får ei grå t-skjorte.

To personar har gått 10 toppar på ein dag, og får svarte sportsskjorter med gullskrift. 

Skule- og barnehagekonkurransa

Lidar skule er vinnar av skulekonkurransen med 65 poeng i gjennomsnitt per elev.

Rogne barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 38 poeng per barn over 3 år.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransane får kvar si skiferplate med motiv frå Urekkollen, måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr.1500 og Rogne barnehage eit gåvekort på kr.500 til kjøp av aktivitetsutstyr.