Øystre Slidre folkebibliotek frå måndag 8.juni

Frå måndag 8.juni er det tilnærma normal drift på Øystre Slidre folkebibliotek.

Når du besøker oss, kan du:

▸ lese, låne og levere bøker, filmar og andre medium

▸ opphalde deg på biblioteket i inntil to timar, dette gjeld også leseplassar

▸ bruke publikums-PCar

▸ lese aviser og tidsskrift - men hugs god handhygiene før og etter bruk

Vi gler oss til å sjå deg i løpet av sommaren!

Opningstider fram til og med 19.juni:

Måndag og fredag: 9-14

Tysdag og torsdag: 11-19

Frå 22.juni til 14.august:

Tysdag 15-19

Torsdag 10-14

Smitteverntiltak

• Hald deg heime ved luftvegssymptom eller om du sit i karantene.

• Hugs å halde minst 1 meters avstand til andre lånarar og til våre medarbeidarar, og praktiser god hand- og hostehygiene.

• Det vil vere eit avgrensa tal personar som kan opphalde seg i biblioteket samstundes.

• Eting er ikkje tillatt inne i biblioteket, og kaffeautomatane er stengde.

• Vi har auka reinhaldet, og vi tørkar av skjermar og publikums-pc'ar med jamne mellomrom.

• Alle leikar er fjerna frå barneavdelinga.