Øystre Slidre kommune 34. beste kommunen i landet i Kommunebarometeret 2018

Bladet Kommunal Rapport har no offentleggjort den endelege versjonen av «Kommunebarometeret 2018». Øystre Slidre kommune er på 34. plass (26. plass utan justering for inntektsnivå) i denne årlege kåringa av landets beste kommunar. Dette er 10 plassar opp frå den førebelse versjonen, som kom i april, og som kommunen har basert si Verksemdsanalyse på. Vi er med dette beste valdreskommune, og nr. 3 i Oppland fylke.

Kommunen har over lengre tid plassert seg godt i Kommunebarometeret. Best plassering hadde vi i 2011, då vi kom på 5. plass.

Best i år vart Førde kommune (Sogn og Fjordane) foran Røyken (Buskerud) og Mandal (Vest-Agder). Beste opplandskommune vart Dovre kommune, med ein 26. plass i kåringa.

Øystre Slidre gjer det i år særleg bra på områda kultur (26. plass), saksbehandling (30. plass), pleie og omsorg (45. plass) og grunnskule (53. plass).

Kommunebarometeret er i stadig utvikling, og kriteria blir difor noko endra/ulikt vekta for kvart år. Basert på årets kriterier, har vi gått ned 4 plasser frå i fjor.

Du kan lese meir på Kommunal Rapport sine nettsider.