Øystre Slidre kommune sin frivilligpris for 2019 utdelt til familien Myrvold Hegge

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at prisen Årets frivillig 2019 går til familien Myrvold Hegge - Aud, Svein, Otto, Syver, Tor, Gunnar og Margrete. Prisen vart delt ut på Øystre Slidre musikkorps sitt 70 års jubileum på Tingvang 23.november.

Øystre Slidre musikkorps leverte ein forrykande konsert laurdag. Det var ein tydeleg sprek og oppegåande 70-åring som vart feira. Fin og fyldig korpsklang og feiande flotte musikkstykker, godbitar som ulike dirigentar hadde valgt ut som sine favorittar, og sjølvsagt fleire stykker av mangeårig dirigent Olav på Gjæro (Olav Hegge). Det heile vart magisk då Hans Petter Stangnes kom fram og spelte. For ei oppleving! Ein kan prate om å spele fletta av, eller at taket løfta seg. Noko så veldig fantastisk!

Sist i konserten vart frivilligprisen delt ut av ordførar Odd Erik Holden. Det var ein overraska og rørt familie Myrvold hegge som mottok.

Dei får prisen for sitt frivillige engasjement på eit breidt plan, både i kulturlivet og i lokalsamfunnet elles. Familien utgjer ein stor del av det lokale korpset, Øytre Slidre musikkorps. Svein og Aud spalar både her og i andre lokale korps, er aktive i fleire lag og organisasjonar, og stiller som frivillige på alt dei blir bedt om.

Ungane deira går i foreldra sine fotspor og er med som frivillige i fleire samanhengar, mellom anna i ungdomsklubb og ungdomsråd, og med lyd og teknisk scenearbeid. Dei spelar i tillegg instrument av ulik art, åleine eller i band, syng i kor m.m. Dei stiller opp på det som er av arrangement, og er også primus motorar for festivalen på Gamasama.

Øystre Slidre kommune er svært takksam for alt familien Myrvold Hegge gjer for å glede og hjelpe lokalsamfunnet.