Øystre Slidre kommune sin kulturpris for 2020 går til Toralf Baldersheim

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at kulturprisen for 2020 går til skulemannen og kulturberaren Toralf Baldersheim.

Baldersheim flytta til Øystre Slidre frå Fusa på slutten av 80-talet, den gong ny-tilsett som kultursjef i kommunen. Han har sidan vore ein stor og synleg del av det lokale kulturlivet, både som formidlar, tilretteleggar og som frivillig ved mange kulturarrangement.

Toralf er ein kultur- og samfunnsengasjert mann, med interesser, kunnskap og engasjement som har kome- og som framleis kjem Øystre Slidre til gode i stort monn. Musikkmannen Toralf er gitarist, og spelar mellom anna i gruppene Hundadn og Septimlaget. Han har tidlegare arrangert lyttekveldane Lirekassen på Frivilligsentralen, der han ivrig spelte- og kåserte om låtar og artistar på gamle 78-plater. Han har og utmerka seg som foredragshaldar, mellom anna med dei populære førestillingane om Jacob Sande. Som kultursjef var han mellom anna med på å utvikle Furustrand som friluftsområde, og han er omtala som ein pioner for utviklinga av skiløyper i kommunen.

I 2003 starta han Fjelljazz på Beitostølen, med mål om å skape ei årleg jazzhelg i Valdres med trad- og swingjazz som hovudelement. Festivalen skulle gje fastbuande, hyttefolk og tilreisande ein felles møteplass for glede og gode opplevingar. Deler av festivalen er no overført til Ostefestivalen, der Toralf er styremedlem og ansvarleg for musikken. Han er frivillig ved andre festivalar, og har mellom anna figurert som «dass-sjef» på Trollrock, med hovudansvar for toaletta – ein jobb han har utført med like stor iver og grundigheit som med alle andre oppdrag.

Toralf var lenge ein pådrivar for å bygge opp og drifte Herangtunet, der han har lagt ned mykje tid på dugnad, vedlikehald og utleige. Sjølv bur han i huset Framnes på Heggenes – eit historisk bygg og eit landemerke i bygda han legg mykje arbeid i å halde ved like.

Øystre Slidre kommune set stor pris på Toralf sine evner og engasjement, som kulturbærer og innbyggjar, og ser fram til å kunne dele ut kulturprisen til han i samband med eit kulturarrangement i Øystre Slidre i løpet av 2020.