Øystre Slidre kommune sin ungdomspris til Håkon Aasen

Det er ei glede å kunngjera at Øystre Slidre kommune sin ungdomspris i 2018 går til Håkon Aasen.

Håkon Aasen er ein av landets beste unge folkedansarar. Han er til dagleg snikkar, og oppvaksen i Øystre Slidre. Han er 19 år og har dansa halling i kulturskulen frå han var 9 år. Håkon er også med i dansegruppa Frikar JR, der mange av dei beste juniorane i landet er med. I tillegg til halling dansar han også andre folkedansar som runddans, springar og bonde.

Dei siste åra har han hatt summarjobb som dansar på Valdres folkemuseum, og han er også brukt som instruktør i halling i kulturskulen i Øystre Slidre og i Frikar sin kulturskule, og som instruktør i springar i Øystre Slidre spel- og dansarlag. Gjennom åra har han delteke på mange ulike oppdrag som til dømes opninga av Ungdoms OL. Aasen hadde hovudrolla som Sigvat av Leirhol i spelet Riddarspranget som vart sett opp på Beitostølen i sommar, og han er aktiv deltakar på kappleikar rundt omkring i landet der han hevdar seg svært bra.

ungd pris 18 Håkon - Klikk for stort bilete