Pressemelding: Beitostølen Helsesportsenter - 50 år

Beitostølen Helsesportsenter er ein viktig nasjonal aktør når det gjeld re-/habiliteringstilbod til born, ungdom og vaksne med ulike diagnosar, funksjonsnedsettingar og funksjonsnivå. Der visjonen er: Aktiv og deltakelse gjennom livet.

50 år har gått sidan Erling Stordahl grunnla Beitostølen Helsesportsenter. Dette var start på ei eit arbeid, om som har gjeve håp og tru for så mange, i ein krevjande situasjon. Eit opphald på BHSS som gjer at blikket kan løftast og gnisten trening og aktivitet blir tent. Ei historie med eit utal av historier i dei 50 åra som no er unnagjort. Beitostølen Helsesportsenter har definitivt vore med på å seta Beitostølen og Øystre Slidre på kartet for svært mange. Kommunen har fått mange nye innbyggarar grunna jobbmoglegheiter og mange har slått rot og vorte Øystreslidringar for godt. Eit miljø med svært høg kompetanse på alle dei fagområda som trengs, for både sjå og gje til dei som får eit opphald på Helsesportsenteret.

Øystre Slidre samfunnet er stolte av og glade i Beitostølen Helsesportsenter. Kommunestyret bestemte i 2019 at kommunen skulde gje ei gåve til 50-års jubileet i 2020. Gåva er på kr 150 000,- og eit meint som eit bidrag for vidareutvikling av BHSS dei neste 50 åra.

Som ordførar vil eg få sende ei helsing til alle tilsette og alle dei som har hatt opphald på Beitostølen Helsesportsenter, og gratulere med 50-års jubileet i 2020.

Odd Erik Holden – Ordførar Øystre Slidre