Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Prosjektet friluftslivets ferdselsårer

Øystre Slidre kommune startar opp arbeidet med prosjektet «Friluftslivets ferdselsårer".

Formålet med planen (effektmålet) for friluftslivets ferdselsårer er at den skal bidra til:

  • Auka fysisk aktivitet og betre psykisk helse i befolkningen som heilhet
  • Auka bulyst og attraktivitet som buplass og reisemål
  • Eit bredt aktivitetstilbod, med ulik tilretteleggings­grad, for alle i kommunen
  • Skape nettverk og god koordinering mellom aktørar som arbeider med ferdselsårer

Plan for friluftslivets ferdselsårer skal få fram løysingar for (resultatmål):

  • At alle i kommunen, både fastbuande og tilreisande, skal ha god tilgang på turstigar
  • Alle turruter i kommunen skal leggast inn i Nasjonal base for tur og friluftsruter

Delmål: Skaffe oversikt og digitalisere stigar som fins i Øystre Slidre og foreslå nye nærturar og rundløyper.

 

Alle interesserte er velkomne til å komme med innspel og kommentarar undervegs. Under arbeidet vil interessepartar som blir særlig berørt av eventuelle nye forslag, gis anledning til å delta i arbeidet og påvirke resultatet. Dersom du har innspel eller kommentarar kan det sendast på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no innen 1. august.