Anbefalinga gjeld òg personar i aldersgruppa 18-64 år som har underliggande risiko for alvorleg forløp av Covid-19.
Anbefalinga om ny oppfriskningsdose til desse gjeld uavhengig av om ein har gjennomgått koronasjukdom etter forrige dose. Det bør vere minst 3 veker mellom gjennomgått koronasjukdom og ny oppfriskningsdose, men eit lengre intervall vil som regel gje ein betre immunrespons.
Dose 4 kan bli gitt tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose.
Organisering av tilbodet
Som tidlegare, vil kommunen kalle inn til vaksinering via sms. Innkalling blir gjort i løpet av august. Vaksinering av desse gruppane blir i hovudsak i slutten av august, starten av september.
Nyleg flytta til kommunen?
Ta kontakt med vaksinekoordinator for å registre deg på våre lister.