Resultat av innbyggjarundersøking om busituasjonen i kommunen

Ei innbyggjarundersøking om busituasjonen i kommunen er nyleg avslutta. 742 personar/husstandar har sendt inn sitt bidrag til kartlegginga, noko som viser stor interesse for dette temaet.

Formålet med spørjeundersøkinga var å kartlegge korleis innbyggjarar i Øystre Slidre kommune bur og ynskjer å bu. Kommunen ynskjer å leggje til rette for at Øystre Slidre skal vera ein attraktiv kommune å bu i, og at alle skal ha ein trygg og god heim. Resultata frå undersøkinga vil vera eit grunnlag for revidering av kommuneplanen sin arealdel.

  • Undersøking syner at dei fleste bur i einebustad (64%). Dette er som forventa sett ut frå kommunen si totale bustadmasse. 20 % bur på gardsbruk. Den resterande gruppa bur i rekkehus, hytter, tomannsbustad eller leilegheiter.
  • Svara viser at fleire ynskjer seg å bu i bustad med tenester eller fellesareal. Ein mindre del enn dei som bur på gardsbruk ønsker gardsbruk som framtidig bustad, medan ønske om  einebustad er på nivå med dagens omfang av å bu i einebustad. Dette kan tyde på at fleire ønsker seg mindre bustad enn dei har i dag.
  • Innbyggjarane ynskjer å bu i heile kommunen, men vi ser at fleire ynskje å bu innanfor dei definerte sentrumsområda  Heggenes/Tingvang eller Beitostølen

 

Heile rapporten finn de her (PDF, 2 MB)

Kontaktinfo

Hanne Rochmann
Kontaktperson og prosjektleiar Bolig for velferd
E-post
Mobil 908 38 725