Revidering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2022 - 2025

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er eit verktøy for å styre utbygging av anlegg og område for friluftsliv og idrett i kommunen. Kommunedelplanen skal reviderast for åra 2022 - 2025. Vi ber no om innspel til kommunedelplanen. Dersom dykkar lag eller organisasjon har planer om byggeprosjekt som gjeld idrettsanlegg i perioden 2022 - 2025 og vil søkje om spelemidlar, ta kontakt. Frist for innspel er 1. juni. Send på e-post til post@oystre-slidre.kommune.no eller til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes.

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2018-2021 ligg på biblioteket, i resepsjonen i kommunen og her. (PDF, 303 kB) 

Sjå her for meir informasjon:

https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/

Merk elles at fristen for spelemidlar for 2022 er tidlegare enn vanleg. Søknadane må inn til kommunen innan 20.september.